Konsert med Jon og Veslemøy Solberg i Kviteseid kyrkje 23. oktober

Konsert med Jon Solberg og Veslemøy Solberg: Til Telemark!
Sundag 23. oktober kl. 19.00 held syskena Veslemøy og Jon Solberg konsert i Kviteseid kyrkje. Sven Ohrvik er med på piano.
Konserten har fått tittelen Til Telemark!  etter Jon og Veslemøys song ved same navn – mykje spela på NRKP1!
«Vintervise» fra CD-en «Røter» (som Veslemøy og Jon gav ut i 2014) låg i mange veker på A-lista til NRK P1.
Både Veslemøy Solberg, Jon Solberg og Sven Ohrvik har fått svært gode kritikkar for sin visekunst og musikalitet, både for tekstane, musikken og framføringa. Dei har til saman mange års TV- og sceneerfaring, og har produsert fleire store konsertar og forestillingar.
Jon Solberg er frontfigur i det populære bandet Ni Liv, som ga ut sin sjette CD i fjor: Leva meg opp. Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik har gitt ut ei lang rekkje CD-ar, og er aktuelle både med sin eigen CD Sang til sjelen, og altså Røter, der både Jon og Veslemøy medverkar.
Vi satsar på å gje publikum ei inspirerande, meiningsfull og humoristisk konsertoppleving. Alle er hjarteleg velkomne!
jv1ta